Hopp til hovedinnhold

Omfang av marin forsøpling frå fiskeria

Redigert:4.8.2022

Omfanget av forsøpling frå fiskeria er omfattande i Noreg.

Marfo gjennomførte ei utgreiing om status for kunnskapen om marin forsøpling frå fiskeri og havbruk i 2021. Gesamps rapport «Sea-based sources of marine litter» kom hausten same år. Begge rapportane konkluderer med at det ikkje finst eit sikkert globalt estimat på omfanget av forsøplinga internasjonalt. Likevel gir forsking, djupdykk og ryddedata samla eit solid bilete av omfattande forsøpling frå fiskeri.

Dette viser kunnskapen vi har

Ryddedata frå strandrydding gjennomført i Noreg viser at avfallstypar frå fiskeri står for ein stor del av den marine forsøplinga, spesielt langs kysten og i Nord-Noreg. Det er tydeleg at strender i områda nært opp mot fiskefelt har større del fiskerirelatert avfall. Dette ser ein i fleire undersøkingar mellom anna i Noreg og i Storbritannia.

Taustumpar er det vi ryddar mest av

Ein finn mykje avskjer og taustumpar, deler av fiskereiskap og heile garn, nøter og trålposar under strandrydding og kartlegging langs kysten. Flottørar og garnringer er det òg mykje av.Taustumpar og avskjer av tau og reiskap har dei siste åra vore av dei mest rydda søppeltypane i Noreg, mykje stammer frå fiskeri, men denne typen forsøpling kjem òg frå havbruk, sjøfart eller annan aktivitet på havet. I vekt utgjer òg restar av fiskerireiskap og tapte reiskapar ein stor del av den marine forsøpling som blir rydda i Noreg.

Berre ein liten del av forsøplinga kjem til land

Avfall frå fiskeria er òg registrerte på havbotnen, og det er grunn til å tru at det meste av forsøplinga blir verande i havet og på havbotnen. Derfor er forsøplinga som blir registrerte og rydda langs kysten berre ein liten del av det store biletet. I områda som er rydda nært fiskefelt er det òg ein del hushaldsavfall. Det er derfor mogleg at deler av det som blir registrert som denne typen avfall kan stamme frå aktivitet på havet, og ikkje berre frå kjelder på land.