Arbeidet til Sunnmøre Friluftsråd (SF) på opprydding av marin søppel vil som tidlegare omfatte rydding i strandsona ved kysten, både i indre- og ytre kyststrøk. SF har fokus på å rydde breitt geografisk for å få til rydding i fleire, og om mogleg i alle, medlemskommunane på Sunnmøre. Oppryddinga er delt mellom frivillig innsats på lettare tilgjengelege områder og profesjonell rydding på meir utilgjengelege områder.
Områda SF skal rydde i indre kyst har ikkje verna områder med ferdselsforbod, men består av verdifulle naturtypar. Det vert satsa på rydding av områder ein ikkje har rydda før.
SF ønskjer å arrangere ryddeaksjonar i utvalde fredingsområder i ytre som ikkje allereie er dekt av Rydd Norge-programmet.
SF har høgt fokus på å få med frivillige ut å rydde. Gjennom dei åra SF har drive med opprydding og førebyggande arbeid har ein fått eit godt nettverk av frivillige. Rydding saman med frivillige er veldig givande og viktig, særs når det er barn og unge med.
Nettverk Marin Forsøpling Møre og Romsdal (MFMR) sitt formål er å inspirere og oppretthalde motivasjonen til strandryddarar i regionen, drive informasjonsarbeid samt å vere ein ressurs i den offentlege samtala rundt forsøpling- og forureiningsproblematikken. MFMR planlegg å ha tre fysiske nettverkssamlingar i 2023 samt til saman sju ryddeaksjonar. I tillegg til arrangementa nemnt brukar SF tid på kommunikasjon med nettverksmedlemma.
Om Sunnmøre Friluftsråd
SF er eit interkommunalt oppgåvefellesskap for friluftsliv, med 14 medlemskommunar. Kontakten SF har med medlemskommunane gjennom arbeidet som er gjort sidan etableringa i 1974, er nyttig i arbeidet med marin forsøpling.
Skjærgårdstjenesten i Møre og Romsdal blei etablert i 2018, og er ein viktig ressurs i arbeidet.
SF har eit årsverk fast tilsett som arbeidar med marin forsøpling, eit årsverk som arbeidar på tvers av alle avdelingane og 0,8 årsverk som arbeidar med eit anna prosjekt (Rydd Norge) men som bidreg inn i andre prosjekt ved kapasitet.
SF har gode rutinar for HMS ved gjennomføring av ryddeaksjonar. Denne vert gjennomgått med jamne mellomrom og revidert ved høve.
SF har gode samarbeid om levering av marint avfall. Bingsa Gjenvinning Næring AS er det renovasjonsselskapet SF nyttar mest. Ein har samarbeid med Søre Sunnmøre Renovasjon, og fleire andre mindre lokale renovasjonsselskap.
Samarbeidspartnere
- Skjærdgårdstjenesten i Møre og Romsdal
- Nettverk marin forsøpling Møre og Romsdal