Hopp til hovedinnhold
Person sitter på huk og rydder plast i steinfjære i gråvær.

Strandryddeukas våtaste ryddeaksjon?

Redigert:12.10.2023

I kuling og regn vart tre kilometer av kysten i Lofoten rydda for 460 kg med marint avfall. På topp over rydda avfallstypar etter endt ryddeaksjon var tau, plastbitar og isopor.

Saman med lokale representantar frå TV-aksjonen 2020 for WWF og Clean Up Lofoten tok Senter for oljevern og marint miljø fatt på eit stykke kystlinje på Vestvågøya i Lofoten. Ryddeaksjonen gjekk langs havet frå småbåthamna Finnhamn til halvvegs ut på Risøya lenger aust. 17 personar fordelte på to grupper rydda frå kvar sin kant av aksjonsområdet og møtte kvarandre ved Sandvikneset etter fire våte timar. Det gjorde at aksjonen òg fekk tid til å rydda neset Ramnen. Jann-Egil Gjerde frå senteret var aksjonsleiar og er fornøgd med resultatet.

I ekte nordnorsk skittvêr gjennomførte vi ein ryddeaksjon der vi fekk fjerne avfall frå eit stort område. Det er vi fornøgd med, sa Jann-Egil Gjerde etter end aksjon.

Tau, kanner og sandfanga plast

Ryddeaksjonens tyngste funn var ein flytebøye, som måtte rullast frå stranda til depotet langs vegen. Avfallstypane det vart rydda mest av i tal var uidentifiserbare plastbitar, tau og matemballasje. Det som kravde mykje ryddetid, var plastsekker og presenningar som låg nedgravd i jord og sand. Mange av dei var porøse eller i oppløysing etter år ute i vêr og vind. Når det gjaldt å få desse løys gav direktør Ann-Helen Ernstsen ikkje opp. Ho grov laus fleire store presenningar og plastsekker frå sanden ved Sandvikneset.

Ann-Helen Ernstsen saman med Snorre Sklet.

- Det er berre å ta spaden fatt for å få løys plastsekker og presenningar når dei er nedgravd i sand og jord. Det som er viktig er å gjera ei vurdering på om det å få overgrodd og nedgravd plast laus gjer meir skadde enn nytte, spesielt når plasten er fast i jordsmonn og vegetasjon, seier ho.

Monica Kleffelgård Hartviksen frå Clean Up Lofoten presenterte ryddetallene frå miljøprosjektet så langt i 2020. Registreringane dei har gjort til no i år har tau under ein halv meter på topp. Tau var òg den avfallstypen det vart plukka mest av under senterets ryddeaksjon. Her er topp ti funna under ryddeaksjonen og topp ti frå Clean Up Lofoten til no i 2020.

Topp 10
RyddeaksjonenClean up Lofoten 2020
Pakkebånd
Sildekork
Isoporbiter over 5 cm
Drikkeflasker utland
Tau over 50 cm
Drikkeflasker innland
Flaskekorker
Matemballasje
Lokk og korkar
Pakkebånd og strips