Hopp til hovedinnhold
Fiskebåt på havet.

Årsak til marin forsøpling frå fiskeria

Redigert:21.9.2023

Tap av reiskap er ei årsak til forsøpling frå fiskeria, og skjer under fiske grunna fasthekting, vêr og straum- og botnforhold. Det er størst risiko for tap av passive reiskapar, som garn, teiner og liner. Desse reiskapane er meir utsett for å slite seg lause, hekte seg fast i botnen og føre til brukskollisjonar. Garn og teiner er òg dei reiskapane med høgast risiko for miljøet, då dei fører til spøkelsesfiske.

Slitasje, manglande rutinar og dårlige haldningar

Slitasje på reiskap og avskjer frå arbeid om bord er òg ein årsak til plast på avvegar frå fiskeria. Dette skjer ofte i dårleg vêr, under tidspress, men også grunna manglande rutinar om bord for handtering av avfallet. Handteringa av avfallet opplevast som tidkrevjande, og avfallshandteringa i fiskerihamnene dekker ikkje godt nok det fiskarane treng. Manglande og også dårlege rutinar for avfallshandtering om bord og i hamn fører dermed òg til forsøpling frå fiskeria. I mange hamner er ikkje infrastrukturen tilstrekkeleg for å levering av avfall.Haldningar og manglande kunnskap om marin forsøpling og konsekvensane det har for havet bidreg òg til at forsøplinga framleis skjer.