Skip to main content
A group of garbage bags by the sea.

Tilskotsordninga blir ein av dei nye oppgåvene på senteret frå 2022

Updated:3/23/2023

We are working to make this content available in English. Please check again soon.

Tilskotsordninga for tiltak mot marin forsøpling blir frå 2022 overført frå Miljødirektoratet til Noregs nye senter mot marin forsøpling.

Senter for oljevern og marint miljø blir frå nyttår fornya, og skal frå 2022 jobba dedikert mot marin forsøpling. Ein av dei nye oppgåvene senteret får er tilskotsordninga mot marin forsøpling.

I 2022 skal senteret tildele middel til opprydding og førebygging av marin forsøpling nasjonalt.

No jobbar senteret med å førebu utlysinga for 2022 i tett samarbeid med Miljødirektoratet.

Søknadsskjemaet for 2022 opnar 5. januar i Miljødirektoratets søknadssenter.

– Tilskotsordninga har i fleire år bidratt til innsatsen mot marin forsøpling nasjonalt. Vi ser fram til å føre vidare det gode arbeidet Miljødirektoratet har gjort, og framover støtte prosjekt som vil styrke arbeidet mot marin forsøpling, seier direktør Ann-Helen Ernstsen ved senteret.

Søknadsfristen for 2022 er 2. februar.