Rent hav er sjølve hjartet til dei nye ryddeverktøya som blir lanserte i år. Den samlar og deler data frå mange ulike kjelder for at oppryddingsarbeidet skal bli meir koordinert og meir kunnskapsbasert. Rydde web og Rydde app henter og deler data frå Rent hav.

Rent hav er laga for å gje aktørar som arbeider med marin forsøpling ei god oversikt og betre moglegheit til å planlegge og gjere gode prioriteringar i oppryddingsarbeidet. I denne tidlege fasen retter Rent hav seg særleg til avfallsselskap, friluftsråd, skjærgårdstjeneste og fylkesmenn/kommunar. Alle som ønsker, har tilgang til åpne data og enkel funksjonalitet.

I april vil Rent hav vere tilgjengeleg som ei innsynsløysing. Over tid og ettersom vi samlar og gjer tilgjengeleg meir data, vil Rent hav utviklast til eit meir skreddarsydd verktøy for ulike aktørar. Per i dag eksisterer det ikkje ei slik nasjonal forvaltingsløysing for marin forsøpling, så Rent hav er eit nybrotsarbeid.
Dette kan alle gjere i Rent hav:
- Nytte Rent hav som innsynsløysing med enkel funksjonalitet.
- Få nasjonal oversikt over miljøinformasjon og data som er viktig å ha på plass i planlegging av oppryddingsaktivitet
Dette kan du gjere med eigen brukar:
- Få tilgang til oversikt over aktørar og ressursar i din region
- Opprette, redigere eller sjå hentepunkt i din region
- Sjå og legge til bilete frå aksjonar, kartleggingar og innmelde områder
- Ta ut statistikk og oversikter