I 2020 skal Senter for oljevern og marint miljø overvåke dei sju nasjonale OSPAR-strendene i Noreg.

OSPAR er forkortinga for Oslo-Paris-konvensjonen for bevaring av det marine miljøet i Nordaust-Atlanteren.
Senter for oljevern og marint miljø har fått ansvar for å koordinera arbeidet med rydding, registrering av ryddeinformasjon og rapportering inn til OSPAR-databasen.
Sju OSPAR-strender skal følgjast opp
I praksis skal vi følgja opp at dei sju nasjonale OSPAR-strendene blir rydda og at avfallet som blir registrert blir meldt inn til OSPAR.
Senteret skal òg arrangera ein workshop for dei som i dag er ansvarlege for rydding og registrering av OSPAR-strendene i Noreg. Dersom dette lèt seg gjera i år, blir det arrangert til hausten.
Senter for oljevern og marint miljø skal legga fram eit forslag til utviding av tal OSPAR-strender i Noreg for å sikra god dekning av Noregs fastlandskyst og Svalbard. Salt har utarbeidd ein rapport som er ein del av grunnlaget for dette arbeidet.
OSPAR-metoden
Eit av tiltaka for å bevara det marine miljøet er å overvake strandsøppel etter OSPAR-metoden. Han går ut på å telja og fjerne alt avfall på den same 100 meter lange strekninga på ei utvald strand fire gangar i året. Avfallet skal registrerast i 112 ulike kategoriar.
Dette er OSPAR
Konvensjonen vart ferdigforhandla i 1992 og arbeidet blir leitt av OSPAR Kommisjonen, som består av representantar for dei 15 medlemslanda og EU-kommisjonen.
OSPAR gjennomfører nødvendige tiltak for å verna økosystema og naturmangfaldet i Nordaust-Atlanteren.
Klima- og miljødepartementet (KLD) er forvaltningsmynde for OSPAR i Noreg og har ansvaret for oppfølging av OSPAR-konvensjonen. Miljødirektoratet har ansvaret for å følgja opp det andre arbeidet med marin forsøpling i OSPAR.