Hopp til hovedinnhold
14 strandryddere foran oppsamlet avfall ved kysten på Sunnmøre. Plastfritt Hav, Plastpiratene, Runde miljøsenter, Skjærgårdstjenesten og andre frivillige var med å rydda. Foto: Senter for oljevern og marint miljø

Saman for eit reint Sunnmøre

Skrevet av:

Redigert:3.1.2022

På Sunnmøre har frivilligheita gjennom fleire år gjort ein skilnad ved å engasjere seg og jobbe utretteleg for å rydde kysten for søppel. I byrjinga av 2019 tok Sunnmøre friluftsråd og Runde miljøsenter initiativ og danna eit nettverk for frivillige på Sunnmøre som engasjerer seg og ryddar.

Da Senter for oljevern og marint miljø saman med Sunnmøre friluftsråd bestemte seg for å rydde i naturreservata Erkna og Gjøsundholmen hausten 2019 vart nettverket mobilisert. Plastfritt Hav, Plastpiratene, Runde miljøsenter og andre frivillige blei med. Det blei også Skjærgårdstjenesten.

Når isopor blir kystsøppel

Det blei i alt rydda tre tonn avfall gjennom dagane på Erkna og Gjøsundholmen i september 2019. Med anna blei det rydda tauverk, flaskar og fiskeutstyr, men ein avfallstype utmerka seg. På Gjøsundholmen fann dei mykje isopor.

Isopor, eller ekspandert polystyren, er eit lett materiale som spreier seg fort når det først er på avvege og blir til porøse, mindre bitar og isoporkuler. Det er og eit materiale som fort går i oppløysing. Har ein prøvd å plukke isoporkuler, veit ein kor vanskeleg dei er å få fjerna.

Isopor overgrodd av vegetasjon. Foto: Senter for oljevern og marint miljø

På Gjøsundholmen var mykje av isoporen overgrodd, og det å få han fjerna førte til at mindre bitar av isoporen spreidde seg eller blei liggande igjen i vegetasjonen. Nettverk marin forsøpling Sunnmøre har og hatt samarbeid med Hold Norge Rent med fokus på isopor, der dei med anna hadde med seg ein produsent av isopor ut i felt for å vurdere alder og opphav.

– Vi vil oppnå meir i nettverket. Eit eksempel på at samarbeid med næringsaktørar fungerer er då fleire av dei frivillige fant ein type «fersk» isoporbit og undra seg på kvifor det var så mykje av denne akkurat no. Gjennom dialog med ein av isoporprodusentane på Sunnmøre, som undersøkte saka, viste det seg at isoporen kom frå ein fiskeribedrift som opna isoporkassane slik at ein bit knakk av. Gjennom det fekk vi endra praksisen for korleis fiskeribedrifta handterte isoporen. Eg trur at vi kommer mykje lenger med dialog med næringane, enn å berre bli frustrerte og ikkje prøve å forstå, seier prosjektkoordinator Ann Helen Hellevik i Sunnmøre friluftsråd.

Mykje lengre saman

Nettverket for marin forsøpling på Sunnmøre har rundt 100 medlemmar. Med i nettverket er frivillige, forsking og forvaltning og nokre næringsaktørar. Dei sistnemnde vil dei ha fleire av. Målet for nettverket er å ta vare på engasjementet blant dei frivillige og synleggjere innsatsen som blir gjort på Sunnmøre. Dei drar vekslar på kvarandre gjennom samlingar, ryddeaksjonar og mobilisering, diskuterer funn, deler erfaringar og har også sporadiske ryddeaksjonar saman.

Det blei i alt rydda tre tonn avfall gjennom dagane på Erkna og Gjøsundholmen i september 2019. Foto: Senter for oljevern og marint miljø

– Vi skal no, før fuglane kjem, tilbake til Gjøsundholmen, der vi skal få med oss erfarne ryddarar frå nettverket. Den ressursen dei representerer er særs viktig i arbeidet mot marin forsøpling. Nettverk marin forsøpling Sunnmøre er for alle som ryddar marin forsøpling. Vi har medlemmar som ryddar ein gong i året og dei som ryddar fleire gonger i veka. Vi kan også mobilisere nettverket til å rydde i kommunar kor dei treng hjelp til å få opp ryddeaktiviteten. Vi vil jo at folk skal nytte seg av den fantastiske naturen vi har rundt oss, så kvifor ikkje gjere det på denne måten også?

Se filmen frå ryddinga på Sunnmøre: