Hopp til hovedinnhold
Mennesker på svaberg. Hav i bakgrunnen.

Rydding i Færder nasjonalpark

Redigert:13.10.2022

Myke svaberg og blått hav så langt du ser er noko av det som kjenneteiknar skjergarden i Færder nasjonalpark i Vestfold og Telemark. Nasjonalparken er for mange eit ynda reisemål og tiltrekker seg folk frå heile landet. Men innimellom sprekk og glover i svaberga skjuler det seg mengder med plast.

I to dagar var Senter for oljevern og marint miljø på ryddetokt i Færder nasjonalpark saman med Oslofjordens Friluftsråd (OF), Havnøy Skjærgårdtjeneste og Nasjonalparkforvalter.

Som ein del av Nasjonalt strandryddeprosjekt deltar senteret i haust på ryddeaksjoner i fire ulike fylke. Målet er å kartlegga, observera og danna grunnlag for temarapportar om logistikk under ryddeaksjoner og statsforvalterens rolle i opprydding av marin forsøpling.

Innsats over fleire år

Det er forskjell på søppelet ein finn i sør kontra lengre nord i landet, der ein ofte finn større gjenstandar, som til dømes teinar, blåsar, garn og tauverk. Nokre hovudfunn under denne aksjonen var isopor, pellets, flasker og mindre plastbitar.

To personar i blå og oransje jakke står og pratar. Hav i bakgrunnen.To personar i blå og oransje jakke står og pratar. Hav i bakgrunnen.
Mads Homleid Busvold ved senteret leier Nasjonalt strandryddeprosjekt. Han er imponert over samarbeidd og innsatsen som lagt ned av lokale aktørar i Færder nasjonalpark. Foto: Senter mot marin forsøpling

Mykje av forsøplingen var vanskeleg å få auge på, då han låg lagvis nedover i jorda og kilt mellom sprekkar i svaberga. Likevel var det tydeleg at områda hadde vore rydda og vorte tatt vare på gjennom fleire år.

– Kunnskapen Skjærgårdstjenesten, OF og nasjonalparkforvalter har om eigen skjergard, imponerte meg. Til dømes korleis ulike vind- og straumforhold fører forsøpling til forskjellige delar av nasjonalparken, og kva område som må ryddast oftare enn andre. Dei har lagt ned ein stor innsats i oppryddingsarbeidet gjennom mange år, det ber området òg preg av, seier prosjektleiar Mads Homleid Busvold.

Godt samarbeid

I Færder nasjonalpark har Havnøy Skjærgårdtjeneste ein sentral og viktig rolle i oppryddingsarbeidet. I tett samarbeidet med Oslofjordens Friluftsråd og Nasjonalparkforvalter, legg dei til rette for rydding i skjergarden og henting av avfall.

– Vi inviterer med oss ulike grupper ut for å rydde og bruker Facebook og andre kanalar aktivt for å få med oss folk. Vi har òg ei Facebook-side der folk kan melda inn kvar dei har rydda sjølv slik at vi kan komme og hente avfallet, seier avdelingsleiar i Skjærgårdstjenesten Havnøy, Øystein Hovde.

Mann med caps og oransje jakke.Mann med caps og oransje jakke.
Avdelingsleiar i Skjærgårdstjenesten, Øystein Hovde. Foto: Senter mot marin forsøpling

Vidare forklarer Hovde at medan dei som regel står for det praktiske rundt frakt og henting av avfall, tar Oslofjordens Friluftsråd seg av opplæring og formidling til deltakarane dei har med seg ut, som til dømes skuleklassar.

OF, Skjærgårdstjenesten og Nasjonalparkforvalter brukar Nasjonalparksenteret på Verdens ende som eit knutepunkt for å samlast og koordinere planane dei har framover.

Diskuterte moglegheitene i Rent hav

Siste dag vart avslutta med ein felles diskusjon om kartverktøyet Rent hav, som senteret no utviklar for forvaltninga og aktørar som jobbar med marin forsøpling. Reint hav samlar både miljødata, ryddedata og legg til rette for at aktørar kan synfara eit område og melde inn informasjon om ryddebehov og andre relevante ting.

– Reint hav blir eit viktig verktøy i arbeidet med opprydding av marin forsøpling nasjonalt, derfor er det verdifullt for senteret å få innspel frå dei aktørane som er tett på oppryddingsarbeidet og som kjem til å ta verktøyet i bruk, seier Anja Meland Rød, prosjektleiar for Rent hav.

Oslofjorden Friluftsråd, Skjærgårdstjenesten og Nasjonalparkforvalter kom med fleire gode innspel til det vidare arbeidde med Rent hav. Foto: Senter mot marin forsøpling

Om Færder nasjonalpark

Færder nasjonalpark i Ytre Oslofjord omfattar 340 kvadratkilometer fastland, øyar, skjer og havbotn i Færder kommune. Nasjonalparken strekker seg frå Ormøy i nord til Færder fyr i sør. Øyane sør for Hvasser, og dessutan Verdsens ende og Moutmarka inngår i nasjonalparken.

Færder nasjonalpark blir forvalta av Færder nasjonalparkstyre, som består av folkevalde representantar frå Færder kommune og Vestfold fylkeskommune. Nasjonalparkstyret utøver mynde i samsvar med vernereglene.