Hopp til hovedinnhold
Hånd som holder en mobil med Rydde-logo på skjermen.

Pris til Rydde og Rent hav

Redigert:12.10.2023

Rydde er tatt i bruk av strandryddere landet rundt, og no har Senter for oljevern og marint miljø og Hold Noreg Rent vunne pris for det digitale verktøyet.

Prisen blir delt ut av Nasjonalt geodataråd og Kommunal- og moderniseringsdepartementet, som ønsker å visa fram nytteverdien av god og nyskapande bruk av geodata. Rydde og forvaltningsløysinga Rent hav vann prisen for "Beste kombinasjon av data til ny kunnskap".

– Dette er veldig stas, og vi er stolte av Rydde. Rydde har vore tatt i bruk av strandryddere landet rundt, og med dette verktøyet sikrar vi gode nasjonale ryddedata som kan brukast til målretta tiltak og vidare forsking, seier prosjektleiar frå Senter for oljevern og marint miljø, Anja Meland Rød.

Rydde er det digitale verktøyet for å organisera ryddeaksjoner og registrera innsamla avfall, og vart lansert i sommar. Rydde inneheld oversyn over planlagde og gjennomførte ryddeaksjoner, viser ryddestatistikk og gir moglegheit til å melda inn forsøpla område.

Rent hav er verktøyet for dei som jobbar med planlegging, koordinering, forsking eller næringsliv innan marin forsøpling. Rent hav hentar og viser data frå frivillig strandrydding gjennom Rydde.

Markering av Rydde i Paradisbukta på Bygdøy i august. Anja Meland Rød og Mari Mo Osterheider viser Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn og ordførar i Oslo Marianne Borgen funnregistreringa i Rydde. Foto: Senter for oljevern og marint miljø

Motiverer for vidare innsats

Senteret har saman med Hold Noreg Rent og utviklarane i Asplan Viak AS hatt eit tett samarbeid og jobba hardt for å få på plass det nye ryddeverktøyet. Handelens Miljøfond, Kystverket og Miljødirektoratet har òg bidratt.

– Prisen motiverer for vidare innsats for å gjera Rydde endå betre for alle dei fantastiske rydderne der ute, seier prosjektleiar frå Hold Noreg Rent, Mari Mo Osterheider.

Grunngivinga til juryen

I grunngivinga til juryen står det mellom anna at Rydde og Rent hav gir eit meir effektivt og koordinert oppryddingsarbeid.

– Rydde er ei nasjonal løysing for å stimulera frivillige til å rydda avfall, melda frå om avfall og gi kunnskap om avfall. Reint hav er løysinga til forvaltninga for å handtera avfall, statistikk og profesjonelle aksjonar. Løysingane gir meir effektivt og koordinert oppryddingsarbeid, betre ressursfordeling, forenklar mobilisering og informasjon og gir eit betre kunnskapsgrunnlag om marin forsøpling. Dette er nyttig både for dei som faktisk gjer jobben med å rydda og ansvarlege/ avgjerdstakarar, står det i grunngivinga.

Vidare meiner juryen at Rydde og Rent hav truleg kan brukast til andre område der frivillige gjer eit arbeid, og at verktøya er direkte knytt til berekraftsmål 14 og 15 om livet i havet og livet på land.