Hopp til hovedinnhold
Tau og ein mann som ryddar i ur.

Opprydding av sjøbasert forsøpling under strandrydding

Redigert:15.3.2023

Mykje av avfallet som blir rydda under strandryddeaksjonar kjem frå sjøbaserte kjelder, det gjeld spesielt i dei nordlegaste fylka. Avfall frå fiskeri, fritidsfiske og akvakultur utgjer den største delen av forsøplinga i Nord-Noreg og på Vestlandet, medan Oslofjorden og søraustlege delar av landet er dominerte av forbrukaravfall.

Opprydding av større gjenstandar som garn, tauverk og nøter kan vera krevjande å rydde. Ofte kan slike reiskapar vera delvis nedgrave i sand eller inngrodd i vegetasjon, og naturen kan ta skade når avfallet blir freista fjerna. Dersom det er nødvendig med større inngrep for å fjerne avfallet, må det gjerast ei vurdering av konsekvensane av inngrepet i forhold til mengda søppel som blir rydda. I nokre tilfelle vil det beste vera å la avfallet bli liggjande. Ulike verktøy som handhaldne krokar og knivar gjer det lettare å fjerna til dømes tau og nett på ein skånsam måte slik at minst mogleg vegetasjon blir øydelagd.