Hopp til hovedinnhold
Turkist tau av plast.

Noregs nye plaststrategi: Førebygging, opprydding og digitale verktøy

Redigert:3.1.2022

Noregs nye plaststrategi viser kva vi må gjere for å førebygge, rydde og stoppe eit av vår tids alvorlege miljøproblem for havet og oss.

Vegen til å gjere noko med å redusere klima- og miljøkonsekvensane av plastavfall globalt, regionalt og nasjonalt er omfattande, og det hastar med å sette i gang med effektive tiltak. Noregs plaststrategi har ei tilnærming som omhandlar heile livsløpet til eit plastprodukt, som produktrammer for plast, tiltak for å redusere forbruk, plastavfall frå sjøbaserte kjelder og avfallshandtering.

Blant anna treng førebygginga av marin plastforsøpling betre løysningar, både på land og til sjøs.

Senterets rolle i plaststrategien

Senteret er ein av aktørane nasjonalt som skal bidra til eit koordinert og kunnskapsbasert arbeid for å førebygge og rydde opp i miljøproblema plasten medfører.

– Det er ei oppgåve vi vil jobbe dedikert og samordna med saman med dyktige aktørar som jobbar for å løyse problemet nasjonalt, regionalt og internasjonalt, seier direktør Ann-Helen Ernstsen ved senteret.

Frå 2022 skal Senter for oljevern og marint miljø bli eit reindyrka nasjonalt senter for marin forsøpling og vere ein overordna koordinator for myndigheitene for opprydding av havplast og ein tilretteleggjar på nasjonal nivå for oppryddingsarbeidet i Noreg. Dette er oppgåvene plaststrategien leggjar frem:

  • jobbe med førebygging av plast frå sjøbaserte kjelder og legge til rette for samarbeid og koordinert innsats
  • koordinere oppryddinga nasjonalt
  • videreutvikle Rydde og Rent hav for opprydding og innsamling av data

Filer og lenker

Noregs plaststrategi