Hopp til hovedinnhold
Dronefoto av strandlinje med folk som rydder.

Krevjande strandrydding på Hvaler

Skrevet av:

Redigert:12.10.2022

Inne i ei vik i Ytre Hvaler nasjonalpark i Østfold, ligg Fredagshølet. Ei strand, delvis overfylt av søppel. Korleis skal ein rydda når plasten ligg lagvis nedover i jorda?

Som ein del av Nasjonalt strandryddeprosjekt var Senter for oljevern og marint miljø på ryddetokt på Hvaler saman med Hvaler kommune, Skjærgårdstjenesten, Oslofjorden friluftsråd, nasjonalparkforvalter og Statens naturoppsyn.

Fredagshølet er ei kjend naturhamn i Ytre Hvaler nasjonalpark i Østfold, og om sommaren blir fylt bukta med badegjester og båtar. Den rundt 40 meter lange stranda er overfylt med søppel og plast som ligg nedover i jorda, og er delvis overgrodd av vegetasjonen.

– Stranda skil seg veldig frå dei andre plassane vi har vore, med veldig mykje små plastbitar som ligg lagvis nedover i jordsmonnet. I Finnmark fann vi større ting som tau, garnblåsar, fiskekassar og trålposar, seier prosjektleiar Snorre Sklet ved Senter for oljevern og marint miljø.

Store mengder "Dolly-rope" frå fisketrålar låg nedover i jorda. Foto: Senter for oljevern og marin miljø

Fire sektorar

Ryddingen i Fredagshølet var ein del av eit prosjekt for naturrestaurering i regi av Hvaler kommune. Stranda vart delt inn fire sektorar, ein for kvar ryddemetode som skulle testast ut.

– Noko er berre plukking på overflata og noko er manuell graving med ei rive og spade. Men sidan det er veldig mykje små plastbitar, er det nesten umogleg å få opp alt saman, seier Sklet.

Under ryddingen vart det òg brukt ein industristøvsuger for å ta opp plastbitar som låg innimellom vegetasjonen. Eit filtreringsarbeid ved hjelp av to store silar, ein for å få tak det største søppelet og ein annan til mindre bit, vart òg testa.

Person ryddar søppel med ein rake for å sila ut jord og vekst frå plasten. Person ryddar søppel med ein rake for å sila ut jord og vekst frå plasten.
Aina Elmer i Hvaler kommune seier Fredagshølet er av dei mest forsøpla stadene på Hvaler. Foto: Senter for oljevern og marint miljø

Må ta omsyn til naturen

Ytre Hvaler nasjonalpark er eit freda naturområdet, og ein må derfor trå varsamt i ryddeprosessen.

– Vi har eit referanseområde på stranda som står urørt under ryddingen. Dette er eit felt der det har vorte funne spesielle artar som blåveis, konvall og mainøkkel. Der det eventuelt skal ryddast maskinelt veit vi at det er mindre verdifull vegetasjon, seier Aina Elmer, leiar av prosjektet i Hvaler kommune.

Ho fortel at stranda i Fredagshølet er blant dei mest forsøpla stadene dei kjenner til på Hvaler.

– Førebels har vi gjort funn av plast ned til 20-30 centimeter under bakken. Vi håpa ryddinga vil vere til hjelp, men det blir spennande å komme tilbake hit til neste år og sjå korleis tilstanden er.