Hopp til hovedinnhold

Fiskeridirektoratets årlege oppryddingstokt

Redigert:19.10.2022

Fiskeridirektoratet gjennomfører årleg oppryddingstokt for tapte fiskereiskap, og har sidan byrjinga av 1980-talet gjennomført ryddeaksjonar i dei viktigaste fiskerifelta langs kysten. Sidan den gong har over 1000 tonn reiskap vorte fjerna frå havbotnen. Hovudfokuset til dei årlege tokta er å henta opp garn og teinar, fordi desse reiskapane ofte fører til spøkelsesfiske. I tillegg blir det rydda store mengder liner, snurrevad, nót og fiskerirelatert utstyr som tauverk, vaier og anker.

Fiskarar som mistar reiskap til sjøs er pliktig til å søka etter det jf. Utøvelsesforskrifta § 78. Dersom reiskapen ikkje blir funne eller søk ikkje er mogleg, blir tap meldt inn i kartløysinga FiskInfo, der fiskarar òg rapporterer inn kvar dei set bruk.. Denne informasjonen legg Fiskeridirektoratet til grunn når dei planlegg sine årlege ryddetokt. Mellom 70 til 80 prosent av alt utstyr som blir rapporterte tapt blir funne. Funne utstyr blir enten returnert til eigar eller levert til gjenvinning, eventuelt til deponi.

I Fiskeridirektoratets kartløsning Yggdrasil er det mogleg å sjå tapte og rydda reiskap frå 2017 og fram til i dag.

I Barentswatch si kartløysing FiskInfo vart tapte reiskap gjort synleg for alle i september 2022. Det gjer at omfanget av tapte reiskap i havet er synleg. Fiskarar får også open informasjon om kor det er tapte reiskap, noko som kan forebygge brukskollisjonar og nye tap.

  • I 2020 vart det henta opp i overkant av 100 tonn fiskereiskap, og som inkluderte mellom anna ca. 700 garn, 134 km med tau, 4800 meter stålvaier og rundt 2670 teinar.
  • I 2022 fjerna toktet 1128 garn av ulike typar, 28000 meter line, 26600 meter tauverk, 204 teinar og 41500 meter med snurrevadtau.

Her kan du lesa meir om oppryddingstoktet til Fiskeridirektoratet i 2022.