Hopp til hovedinnhold

Forbrukaravfall

Redigert:1.11.2022

Forbrukarrelatert avfall er ei av hovudkjeldene til marin forsøpling og er avfallet som stammar frå deg og meg. Døme er hushaldsprodukt, drikkeflasker, posar, hygieneartiklar eller eingongsplast, og funn som dette får ryddeaksjonar blir registrert i Rydde under kategorien “personleg forbruk”. Forbrukaravfall stammar frå personleg forbruk, og det kan sjå ut til at jo lengre sør i landet ein kjem, desto større er delen er forbrukerrelatert avfall. Forbrukaravfallet blir registrert som «landbasert» søppel av dei som finn det på strendene, men kan òg komma frå «sjøbaserte kjelder», noko som kompliserer identifikasjon av opphavet til forsøplinga. . Fagfolk har gjennom djupdykkanalysar og systematisk kartlegging klart å definera nokon ytre rammar for i kva grad forbrukarrelatert avfall kan stamme frå sjø eller land. Gjennom analysane har det vorte estimert mengder, og kartlagt trendar, der dei viser til både regionale forskjellar, nasjonalitet og moglege årsaker til forsøplinga.

Matemballasje er noko av det vanlegaste vanligste plastavfallet å finne langs strendene, mellom anna EPS (isopor) frå hurtigmat og eingongsartiklar. Denne typen emballasje og ei rekke andre eingongsartiklar av plast, som har dominert forsøplinga frå forbrukarar, er det no innført forbod mot. Det er estimert at hushaldsprodukt representerer rundt 30.000 tonn plastavfall årleg nasjonalt, men igjen er det mykje uvisse knytt til desse anslaga.